Reise og overnatting

Du kan koma til Stølsheimen frå mange kantar og med mange ulike framkomstmiddel. Skal du på tur inn i verneområdet, er bil ofte det enklaste, men du kan også komme deg mange stadar med buss og båt. Du kan finne overnatting for ein kvar smak frå høgstandard til enkle turisthytter utan tilrettelegging.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Title Address Description
Ortnevik
Ortnevik 71, 5962 Bjordal, Norge
Arnafjorden
Fæle 20, 6893 Vik i Sogn, Norge
Modalen
Mo sentrum, Mo, Norge
Eksingedalen
Fv344 14, 5728 Eidslandet, Norge
Unnamed Road, 5962 Bjordal, Norge

Buss frå store delar av landet

Det er daglege bussavgangar frå mellom anna Oslo, Bergen og Sogndal som stoppar i Vik, Modalen, Nordeide og Voss. Lokalbussar kan ta deg vidare til mange fine startpunkt for turar inn i Stølsheimen.

Vybuss.no

Nor-Way bussekspress

Entur.no

 

Snøggbåt frå Bergen

Om sommaren er det mogleg å ta snøggbåt frå Bergen til Nordeide og Vik.

Norled.no
 

Båt frå Nordeide til Ortnevik og Vik

Mellom Nordeide og Vik går det båtrute som stoppar i Ortnevik og ved fleire av dei veglause grendene på sørsida av Sognefjorden. Då kan du hoppe av på dei veglause grendene på sørsida av Sognefjorden. Denne båten går ikkje kvar dag så du bør planleggje ein tur over fleire dagar.

fjord1.no

Ortnevik – Nordeide

Båt på fjorden.

Køyre bil

For å kome til startpunkt for turar inn i Stølsheimen er det enklast med eigen bil. Det er mange vegar å ta for å koma til området.

Frå Bergen

Kjem du frå Bergen kan du ta av frå E16 på Dale og køyra mot Eksingedalen og Modalen, eller du kan ta av frå E39 i Romarheimsdalen for å kome til Modalen. Vidare på E16 kjem du til Voss og Vinje. På Vinje kan du ta vegen over Vikafjellet på riksveg 13 og kome til Vik og Arnafjorden.

Skal du til Ortnevik kan du ta av frå E16 i Oppedal og køyre langs fjorden på fylkesveg 5586 eller ta av på Matre og køyre fylkesveg 5442 over fjellet og kome ned att til fjorden til fylkesveg 5586.

Frå Oslo

Frå Oslo kan du køyre riksveg 50, fjellovergangen Hol-Aurland eller over Hardangervidda på riksveg 7. Då kjem du til Voss og Vinje og kan velje å køyre vidare til Vik eller Modalen.

Frå Sogndal

Kjem du frå via Sogndal kan du ta riksveg 13 til Hella, ferje over til Vangsnes og riksvegen vidare til Vik.

Overnatting

For oppdaterte overnattingstilbod sjekk ut:

Visit Sognefjord

Visit Voss

Modalen og Eksingedalen

Ut.no