1. Heim
  2. Om landskapsvernområdet
  3. Landskap og geologi

Landskap og geologi

Landskapet er vakkert og dramatisk frå naturen si side og lite påverka av moderne tekniske inngrep. Her kan du oppleve vide dalar, snaufjell og eit særprega fjordlandskap. Stølsheimen ligg i det mest nedbørrike området på Vestlandet.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Frå fjord til fjell

Overgangen frå fjord til fjell, frå grøderik fyllitt til hard gneis og frå lune viker til forblåste rabbar, skapar stor variasjon i naturen. Saman med mange vatn, lange elvar og høge fossar gjev dette ei rik naturoppleving.

I låglandet er naturen frodig med tett vegetasjon. Ettersom du bevegar deg oppover i landskapet, blir det lenger mellom tre og større busker. På dei øvste og mest forblåste rabbane er det stort sett berre lav som kan vekse. Dei store nedbørsmengdene gjer at det aldri er langt mellom vatn og elvar. Der elvene flaumar utfor fjellsidene får du flotte fossefall. Totalt sett gir denne variasjonen ei rik naturoppleving.

Person ser over mektig fjordlandskap.
Landskap.

Inngrepsfri natur

Om lag 94 % av landskapsvernområdet er inngrepsfritt naturområde. Det betyr at 94 % av området ligg meir enn 1 km frå næraste tyngre tekniske inngrep, som veg, regulerte vatn, kraftlinje eller fast busetnad. Slike store naturområde er viktige som leveområde og korridorar for arealkrevjande artar som til dømes villrein. Desse områda er heim til fleire individ av kvar art og aukar dermed sjansen for at artar klarar seg. Store naturområde toler betre naturlege katastrofar som flaum, storm og tørke. Dei er viktige for naturen si evne til å tilpasse seg klimaendringar. Område som Stølsheimen med bratt terreng og store høgdeforskjellar er spesielt viktige sidan mange artar som blir negativt påverka av eit varmare klima då får ein kort “rømingsveg” til lågare temperaturar høgare oppe i terrenget.

Myr og våtmark

Stølsheimen har store område med myr og anna våtmark. Dette er viktige naturområde som er heim for mange plantar og dyr og rasteplass for fuglar. Myra er også viktig ved at den lagrar CO2, reinsar vatn og dempar effekten av flaum. Myr er våte område der nedbrytinga av organisk materiale går så sakte at delvis omdanna materiale hopar seg opp. Det er dette vi kjenner som torv. Ved Solrenningane utgjer jordsmonnet heile 4 -5 meter tjukk torv.

Myrområde er ekstra sårbare for ferdsel. I forsøket på å unngå å bli våt på beina lagar folk stadig nye og breiare stiar. Skal ein leggje til rette for ferdsel i eit myrområde kan det fort bli behov for omfattande tilrettelegging med stein og/eller treplankar (klopper) som folk kan gå på.

Støl og vann.
Fjelltjøreblom.

Geologi

Stølsheimen landskapsvernområde er delt i to av ei markert berggrunnsgrense nord-sør som viser tydeleg att i landskapsformer, jordsmonn og flora. I vest er det gneisområde med avrunda former og U-dalar, lite lausmassar og fattig flora. I aust ligg eit fyllittområde med meir lausmassar og rikare flora. Området ved Raudberg er bygd opp av serpentinitt og inneheld store talkførekomstar. I nord-austleg retning frå Raudberget er det striper av rustraude blokker i ei lengd på 5 til 6 km. Stripene indikerer dominerande retning for isen si rørsle under siste istid.

Geologien påverkar kva plantar som veks i dei ulike områda. I område med bergartar av gneis er det artsfattig fjellvegetasjon og fattigmyrar. I fyllittområdet er det meir næringsrikt. Dette gjev ein vegetasjon med meir krevjande artar. I serpentinittområdet Raudberg er floraen heilt spesiell med nokre få artar, mellom anna fjelltjøreblom.