Kulturhistorie

I heile verneområdet finn du spor etter tidlegare tiders utnytting av ressursane i fjellet. Her finn du fangstanlegg med dyregraver, spor etter gryteproduksjon i kleberstein, restar av taubaner, kraftanlegg og - ikkje minst, dei mange og til dels store stølane som har gitt namn til området. Ein viktig del av kulturhistoria i Stølsheimen ligg i alle namna og historiene knytte til stader der det var menneskeleg aktivitet.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Stølar

I hundrevis av år har bøndene tatt med seg husdyr langs bratte og svingete stølsvegar til stølsdrift og sommarbeite i fjellet, heilt til den siste stølen vart lagt ned i 1972. I kvart einaste dalføre og nesten på kvar einaste større avsats i hellinga mot Sognefjorden ligg ein støl. Mange svært gamle, andre relativt nyetablert og nokre berre eit svakt spor i terrenget. Denne bruken har gitt namn til Stølsheimen og skapt kulturlandskapet som vi framleis har glede av i dag. Framleis kan du oppleve 30 stølar med stølsbygningar og 26 stølsområde med spor etter bygningar og stølsdrift.

Støl i fjellet

Stølsdrift var ein viktig del av det tradisjonelle, førindustrielle landbruket i Noreg, og var vidt utbreidt. Dei fleste gardane rundt Stølsheimen var små og brattlendte, med avgrensa ressursar på sjølve gården. I fjellet var det derimot rikeleg med beite. Difor var det viktig å halde dyra på fjellet så lenge som råd, slik at så mykje som mogleg av produksjonen på innmark og slåtteteigar nærme garden kunne nyttast som vinterfôr.  For å utnytte utmarka best mogleg, var det vanleg at gardane hadde både «heimestøl» i moderat høgd over havet, til bruk vår og haust, og ein fjellstøl rundt skoggrensa for å utnytte det eigentlege fjellbeitet om sommaren. Nokon gardar hadde og ein heimestøl nede ved fjorden. På Nese i Arnafjorden, hadde gardane heimastølen Tenne ved fjorden, mellomstøl på Fossesete og Rosete, og fjellstøl på Vatnane, Hest og Dunevollen.

Lange og bratte stølsvegar sette ei effektiv grense for omfang av tilrettelegging for stølsbruket. Stølshusa vart difor ofte små og spartanske og ofte bygde opp av materiale og stein funnet på plassen. Det var vanlegvis kvinnene som stelte på stølen. Dei mjølka kyrne og gietene og lagde smør, ost og andre meieriprodukt.

Vi veit lite om kor gamle stølane i Stølsheimen kan vere, men det er sannsynleg at nokre kan vere bortimot to tusen år gamle. I dag er det ikkje lenger aktiv stølsdrift med mjølking og ysting i Stølsheimen, men mange av stølsområda blir framleis nytta som beiteområde, og stølshusa er viktige i samband med tilsyn av husdyr på beite. Mange av stølshusa blir og nytta i fritidssamanheng. Der stølshusa er godt ivaretatt gir dei flotte opplevingar på tur i Stølsheimen.

Støler i fjellet.
Støler ved fjord.

Stiar/ buførevegar

Stølsvegane var bindeledd mellom heimegarden og stølen. Mange bønder måtte krysse til dels høge fjellparti med buskapen vår og haust, og stølsvegane var ofte lange og tunge. Langs stiane vart det satt opp vardar for at det skulle vere mogleg å finne fram også i dårleg ver.

Buføringsvegane til stølane blir i dag nytta både som driftevegar til beiteområde og turvegar. Mange av dei er forseggjorte vegar som svinger seg oppover fjellsidene, med steinmurar og bruer. Buførestien frå Ålrek til Vøvringen er eit godt døme på ein sti der det er fleire murte parti.

Sti i skodda.

Fangstanlegg

Nokre av dei eldste kulturspora i Stølsheimen er fangstanlegga som vart nytta til fangst av reinsdyr.  Fangstanlegg med dyregraver viser at Stølsheimen har vore eit viktig leveområde for villrein i lang tid. Villreinen er eit nomadisk dyr som treng store leveområde. Dyregravene er viktige kulturminne å ta vare på for å vita kva som er viktige villreinområde for villreinen også i framtida.

Fangstgrop.

I Stølsheimen ligg ofte dyregravene plassert ei og ei, eller nokre få i lag. Dei er ofte plasserte i smale passasjar mellom vatn på eine sida og bratte skrentar/fjellsider på andre sida. Dyregraver kan du mellom anna sjå både sør og nord-aust for Holskardvatnet, og ved Øksevatnet i nord. Terrenget, skapt av den særeigne geologien, styrer dyra sine trekkruter. Dyregravene er plasserte for å dra nytte av terrengformasjonane. Dyregravene aust og sør for Kvilesteinsvatnet er gode døme på korleis terrenget er brukt i fangst av villrein.

Etter som breane smeltar og trekk seg tilbake, kjem det fram fleire kulturminne knytt til jakt og fangst i fjellet. Dersom du som turgåar ser gjenstandar som kan vera kulturminne, skal du ikkje røra dei, men melda frå til arkeolog hjå fylkeskommunen. Kulturminna kan bli skada, og kulturhistorie gå tapt, dersom dei blir flytta på.

Fangstgrav.

Gryteproduksjon

Spora etter gryteproduksjon i kleberstein er eit spanande kulturminne i Stølsheimen. Fleire djupe groper i steinformasjonen med namn Gryteberg viser at det her vart tatt ut emne til gryter i kleberstein. Kleberstein er ein mjuk bergart som er lett å forme. I tillegg er den eldfast. Steinen har vore i bruk sidan steinalderen og har hatt mange bruksområde. I bronsealderen byrja ein å lage gryter av steinen. Når grytene vart laga, skar ein først til forma utvendig, før ein hola ut gryta. I Gryteberg kan du sjå fleire halvvegs utskorne gryter, truleg mellom 500 og 2000 år gamle. 

Dessverre har den mjuke steinen frista mange til å risse namnet sitt i berget. Vi gjere merksam på at dette er eit freda kulturminne og ber alle om å ta vare på den felles kulturarven vår. Ikkje riss eller skriv i fjellet!

Gryteberg.