1. Heim
  2. Om landskapsvernområdet
  3. Jordbrukslandskap

Jordbrukslandskap

Kulturlandskapet i Stølsheimen er forma av tradisjonell landbruksdrift gjennom generasjonar med beiting, slått og hausting av ressursar. Slåtteteigar, beitelandskap og stølsområde er ein viktig del av landskapet. Tradisjonell bruk av området med slått og beiting er avgjerande for å ta vare på kulturlandskapet
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Aktiv landbruksdrift

Innanfor landskapsvernområdet er det i dag berre på Finden gard det blir drive aktivt landbruk. Landbruksdrifta på Finden gard er viktig for å halde landskapet ope.

Rammevilkåra for landbruket har endra seg drastisk dei siste tiåra, og det har medført at mange av gardsbruka langs fjorden ikkje kan drivast lønsamt lenger på tradisjonell måte. Som fylgje av dette er drifta på mange bruk lagd ned. Dette har gjort at kulturlandskapet under skoggrensa er svært utsett for attgroing. Heldigvis er det framleis ein del gardsbruk utanfor verneområdet som sender dyr på beite i landskapsvernområdet.

Gård ved fjorden.
Gård i fjellet.

Slåttemark

Slåtteteigar som ikkje er gjødsla, og der det blir drive med slått og tørrhøy, er det eit stort mangfald av blomar og insekt. Desse urterike slåttemarkene er truga på grunn av omlegging av jordbruket. Før vart alle små areal nytta til fôr til husdyra. I dag er det berre innmarka nærast garden det lønar seg å slå. Denne blir gjødsla opp og det store artsmangfaldet forsvinn medan mange mindre slåtteteigar lenger frå gardane gror att med kratt og skog. Det er derfor utruleg viktig å ta vare på dei attverande urterike slåttemarkene. 

Beite

Beiting er den viktigaste skjøtselen for å ta vare på kulturlandskapet både langs fjorden og i stølslandskapet. Beiting av husdyr i utmarka og på fjellet har hatt, og har framleis, stor påverknad på landskapet. Beitedyra beiter på både gras, lauv og småtre og held landskapet ope. Beitinga bidreg også til større mangfald av blomar i beiteområda.

I dag er beitedyra borte frå mange stølsområde. På Negardstølen er stølsvollen rydda og slegen med beitepussar, og sauene er kome tilbake i stølsområdet.

Styvingstre.

Styvingstre

Tidlegare var det vanleg å bruke lauv som tilleggsfôr til dyra på ettervinteren. På gardane hadde ein eigne tre til dette formålet som vart kalla styvingstre. Desse trea vart styva eller lauva med 7-10 års mellomrom. Dette har gitt trea den karakteristiske trolske utsjånaden som er med og pregar kulturlandskapet i dag. Det er viktig å ta vare på desse trea både som kulturhistorie og som oppleving. Lauv vert av og til nytta som dyrefôr framleis. Frå gamalt var lauv rekna som viktig kosttilskot til dyra. Det var “rein medisin”, vart det sagt. Kanskje det var ein apetittvekkjar i eit einsformig kosthald?