Dyr og plantar

Stølsheimen er eit nedbørsrikt område, noko som gir ein frodig vegetasjon. Er du heldig kan du få eit glimt av hjort, hare eller villrein. Du kan høyre den karakteristiske lyden til heiloen eller skremme opp eit rypekull. På fjorden kan du vere heldig og sjå steinkobbe eller nise. Hjort er utbreidd i heile området og han nyttar både skogen og fjellet. Elg førekjem sporadisk i området.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Villrein

Stølsheimen landskapsvernområde er ein del av Fjellheimen villreinområde. Det er ikkje uvanleg å sjå villrein både sommar og vinter. Det er viktig å halde god avstand og ikkje uroe dyra dersom du oppdagar villrein.

 

Villrein på snøfonn.

Historie

Gamle fangstanlegg viser at Stølsheimen har vore leveområde for villrein i lang tid. Dagens villreinstamme stammar opphavleg frå tamrein, og det blir sagt at han er mindre sky enn i andre villreinområde. Då Vik og Voss tamreinlag vart avvikla på slutten av 60-talet, var det nokre individ som vart gåande att på Vikafjellet. Desse klarte seg godt på eiga hand, formeira seg og danna grunnlaget for villreinstammen som lever her i dag. I dag er villreinstamma på fleire hundre dyr, og grunneigarane organiserer villreinjakt i området.

Utbreiing

Fjellheimen villreinområde strekkjer seg over kommunane Vik, Høyanger, Aurland, Voss, Vaksdal og Modalen. Det er gode sommarbeite i dette villreinområdet. Vinterbeite er det mindre av, og lavryggar er svært viktige beiteområde for villreinen. Næringstilgangen på vinteren er ofte minimal, og reinen er særleg vàr for å bli uroa på denne tida. Villrein har ein syklus på 20-30 år i bruk av beiteområde. Derfor er det viktig å ta vare på eit stort nok areal for å sikre framtidig leveområde for flokken. I dag utgjer flokken under 400 vinterdyr, men det er eit mål å få bestanden opp til rundt 500.

Biologi

Om vinteren lever reinen av lav, som han kan lukte 60 cm under snøen. Pelsen, som er tre gongar så tett som hos andre hjortedyr, isolerer effektivt mot vinterkulden. Dei spesielle klauvene fungerer som truger i laus snø. Om våren følgjer reinen snøsmeltinga oppover i fjellet for å få med seg dei aller ferskaste og mest næringsrike grøne spirane. Etter paringstida på hausten skil kjønna lag og dannar bukkeflokkar og fostringsflokkar (med hodyr, ungdyr og kalvar). Kalvinga finn stad i mai både i lier like over skoggrensa og høgare opp i fjellet. Etter berre eit par dagar er kalven klar til å følgje mora på vandring.

Ta omsyn

Villrein er sky dyr som lett blir påverka av menneskeleg aktivitet. Vegar, trafikkerte stiar og hyttefelt er effektive barrierar for villreinen. Dei fire opphavlege villreinområda i Noreg er no splitta opp i 24 mindre og meir eller mindre isolerte område. Dette gjer reinen ekstra sårbar i møte med andre utfordringar som til dømes klimaendringar. Ser du villrein i fjellet, så hald avstand så du ikkje skremmer dyra på flukt.

Villreinflokk på vinterbeite.
Fangstanlegg for villrein.

Fugl

Tek du med deg kikkert på tur, er det stor sjanse for at du får sjå den vesle heipiplerka som dalar ned frå himmelen medan ho syng for full hals. Eit glimt av noko kvitt på ein stein er sannsynlegvis ein steinskvett som varslar på forbipasserande med sin karakteristiske kneppelyd. Han har reist heilt frå overvintringsplassen sin i det sørlege Afrika. Ser du noko blått i ei busk, har du vore så heldig å oppdage blåstrupen. Han er kjend for den vakre songen sin og kan herme etter andre fuglar og lydar, til dømes sauebjøller!
Blåstrupe, fugl.
Langs elvekanten vil du sannsynlegvis sjå den vippande stjerten til linerla. Er du heldig, kan du få sjå fossekallen, Noregs nasjonalfugl, som dukkar etter insekt, krepsdyr og småfisk. Dei mange myrene, vatna og elvene er elles leveområde for vadefuglar som strandsnipe og raudstilk. Av meir skjeldne artar du kan vere heldig å sjå er storlom, bergand, temmincsnipe og svartand. Heilo og boltit er to flotte karakterartar i området, men desse er mindre vanlege no enn tidlegare. Den majestetiske kongeørna seglar ofte over området. Du kan også vere heldig å sjå mindre rovfuglar som fjellvåk, tårnfalk og fleire ugleartar. Både fjellrype, lirype og orrfugl finst i området, men det er rype som er dominerande av hønsefuglane. Når ungane er små, kan du risikere å skremme opp eit heilt kull av små brune fjørballar som pilar av gårde.
Rype.

Planteliv

Store delar av Stølsheimen er fjellterreng der vegetasjonen er dominert av mose, lyng og låge busker. Innimellom kan du finne vakre fjellblomar som issoleie, raudsildre og fjellsmelle. I liene ned mot Sognefjorden veks det lauvskog dominert av bjørk og gråor. Det finst parti med edellauvskog langs Finnafjorden, i Finnabotnen og i Vassdalen sør for Ortnevik.
Raudsildre, blomst.

Stølsdrift og beitedyr har vore med å forme vegetasjonen i Stølsheimen over fleire hundre år. Der stølsvollane blir haldne i hevd med beiting og slått, vil du finne eit variert planteliv.  Typiske blomar innimellom graset er m.a. engsyre, tepperot, føllblom, blåklokke, ryllik, fjellmarikåpe, engsoleie og firkantperikum. Med mindre beitedrift gror stølsområda mange stadar att. Spesielt på dei lågareliggande stølane tek sølvbunke, brennesle, bringebær, einestape, einer og lauvtre over stølsvollane.

Blåklokke, blomst.