Om landskapsvernområdet

Landskapsvernområdet vart oppretta i 1990 for å ta vare på dette særmerkte og vakre fjell-og fjordlandskapet. Då hadde det vore jobba heilt sidan 1960 med ulike planar for vern av ein større eller mindre del av dette området.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Utsikt gjennom gjerde.

I Stølsheimen landskapsvernområde finn du store område med tilnærma urørd natur som er viktig for mellom anna villrein. Dei store våtmarks- og myrområda er viktige både som leveområde for mange artar og i møte med klimaendringane. I tillegg til sjølve landskapet med dyr og plantar, er kulturlandskapet med sine mange kulturminne ein viktig del av verneverdien. Her finn du fangstanlegg brukt til å fange villrein for fleire tusen år sidan, spor etter produksjon av klebersteinsgryter i jernalderen og stølar der det var aktiv stølsdrift heilt til den siste vart lagt ned i 1972.

Fossefall.

Dyr og plantar

Stølsheimen er eit nedbørsrikt område, noko som gir ein frodig vegetasjon. Er du heldig kan du få eit glimt av hjort, hare eller villrein. Du kan høyre den karakteristiske lyden til heiloen eller skremme opp eit rypekull. På fjorden kan du vere heldig og sjå steinkobbe eller nise. Hjort er utbreidd i heile området og han nyttar både skogen og fjellet. Elg førekjem sporadisk i området.

arrow-r
Hjort.

Landskap og geologi

Landskapet er vakkert og dramatisk frå naturen si side og lite påverka av moderne tekniske inngrep. Her kan du oppleve vide dalar, snaufjell og eit særprega fjordlandskap. Stølsheimen ligg i det mest nedbørrike området på Vestlandet.

arrow-r
Barn står på stein.

Kulturhistorie

I heile verneområdet finn du spor etter tidlegare tiders utnytting av ressursane i fjellet. Her finn du fangstanlegg med dyregraver, spor etter gryteproduksjon i kleberstein, restar av taubaner, kraftanlegg og – ikkje minst dei mange og til dels store stølane som har gitt namn til området. Ein viktig del av kulturhistoria i Stølsheimen ligg i alle namna og historiene knytte til stader der det var menneskeleg aktivitet.

arrow-r
Støl, elv.

Jordbrukslandskap

Kulturlandskapet i Stølsheimen er forma av tradisjonell landbruksdrift gjennom generasjonar med beiting, slått og hausting av ressursar. Slåtteteigar, beitelandskap og stølsområde er ein viktig del av landskapet. Tradisjonell bruk av området med slått og beiting er avgjerande for å ta vare på kulturlandskapet.

arrow-r
Sau på beite.

Forvaltning og oppsyn

Stølsheimen landskapsvernområde er forvalta av eit verneområdestyre. Stølsheimen verneområdestyre er sett saman av politikarar frå Vestland fylkeskommune og dei kommunane verneområdet omfattar Vik, Voss, Modalen og Høyanger.  Området omfattar også Vaksdal kommune, men kommunen har ikkje representant i styret. Det er tilsett to verneområdeforvaltarar som sekretariat for styret.

Det er styret sin jobb å passe på at verneverdiane blir ivaretekne. Styret handsamar søknadar knytte til regelverket og fordelar midlar til tiltak. Statens naturoppsyn fører kontroll med reglane i verneforskriftene og har ansvar for oppsyn i området.

Meir informasjon om forvaltning

Kontaktinfo til Statens naturoppsyn

Landskapsvernområde.