Følg vegen på sørsida av Sognefjorden frå vest mot aust til vegs ende. Då er du i Ortnevik. I den vesle bygda finn du utleigehytter og butikk. Innbyggjartalet, som om vinteren ligg på rundt 45 personar, blir mangedobla om sommaren. Kyrkja, som er bygd i dragestil, er verdt eit besøk. Det same er verdas minste stavkyrkje, bygd av ein enkelt mann i bygda. Området rundt stavkyrkja er dekorert med kreative trefigurar skåret ut med motorsag. I Ortnevik finn du også verdas største landbaserte kveiteanlegg. Frå Ortnevik er det fergeforbindelser østover til Vik og til Høyanger og Måren på nordsida av fjorden.
Ortnevik er eit flott utgangspunkt for både korte og lengre gåturar, både i og utanfor Stølsheimen landskapsvernområde. Ortnevik grendalag har merkt fleire turruter i bygda, og dei har laga turkart med oversikt over rutene. Det går stiar til fleire stølar i fjellet. Den mest kjende er Solrenningane, men den er dryge 8 timars gange unna. Frå Ortnevik kan du også følge den gamle ferdselsvegen langs fjorden til Sylvarnes og vidare til Vollavik i Vik kommune. Den går innom alle dei veglause gardane langs fjorden.
Title | Address | Description |
---|---|---|
Ortnevik | Ortnevik, Norge |