Eksingedalen er eit dalføre i Vaksdal kommune. Den vakre dalen strekker seg frå Eidsfjorden og nordaust til den øverste bebyggelsen på Gullbrå. Oppover dalen er det mange små bygder, og du finn både butikk og utleigehytter. Det er eit storslått landskap oppover dalen, som vekslar mellom flate elvesletter med godt jordbruksland og tronge, bratte fjellsider med dramatiske fossefall. Lengst nord i Eksingedalen kjem du til fleire flotte startpunkt for turar i Stølsheimen. Frå Trefall kan du følge t-merka sti til Selhamar, og frå Gullbrå kan du gå til Torvedalshytta. Du kan også køyre anleggsvegen heilt inn til Askjelldalsvatnet. Derifrå er det kort veg til Selhamar og vidare inn i Stølsheimen.
Title | Address | Description |
---|---|---|
Eksingedalen | Eksingedalen, Vaksdal kommune, Norge |