Arnafjorden

a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Arnafjorden.

Ein liten halvtimes køyretur frå Vik, i enden av fylkesveg 92, ligg Arnafjord. Arnafjorden er ein sidearm til Sognefjorden, omkransa av ruvande fjell og mange fossar. Rundt enden av fjorden ligg tre små grender: Nese, Indrefjorden og Framfjorden. Det er fleire utleigehytter i Arnafjorden. I Framfjorden er det butikk og informasjonspunkt. På Nese finn du fleire historiske minnesmerke, t.d. Skredstova; ein bygning reist til minne om storskredet i 1811 som tok 45 menneskeliv. Kyrkja frå 1880 er listeført som verneverdig, og like nedanfor ligg eit velhalde og ærverdig ungdomshus frå 1919. Kaien har eit autentisk bygningsmiljø frå tidleg 1900-tal, og er vel verdt eit besøk.

I tillegg til å vere ei jordbruksbygd har Arnafjorden lang industrihistorie. Førekomst av talkrik kleberstein og store vasskraftressursar la grunnlaget for etablering av gruvedrift og talkmølle i 1907. Mølla var i drift heilt til 2002, og på det meste gav industrisatsinga arbeid til rundt 100 personar.

Det ligg mange stølar i fjellsidene og fjella rundt Arnafjorden. Gamle buførevegar fører frå alle dei tre grendene og langt innover i Stølsheimen. Her kan du gå alt frå relativt enkle dagsturar, til krevjande turar over fleire dagar.

Lita stavkyrkje.
Title Address Description
Arnafjorden
Arnafjord, Norge