Innfallsportar og bygder

Frå alle innfallsportane går det merka stiar inn i Stølsheimen landskapsvernområde. Kvar bygd har også sine spesielle kvalitetar og opplevingar som er verd å utforske. Hugs å respektere privatlivet til dei som bur i bygdene og parker bilen på tilrettelagde parkeringsplassar. Vis omsyn til husdyr på beite ved å lukke grinder og ha hunden i band.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Title Address Description
Ortnevik
Ortnevik, Norge
Arnafjorden
Arnafjord, Norge
Modalen
Mo sentrum, Mo, Norge
Eksingedalen
Fv344 14, 5728 Eidslandet, Norge

Ortnevik

Tek du av frå E39 ved Oppedal og køyrer ein time austover langs fjorden, kjem du til Ortnevik. I den vesle bygda finn du utleigehytter og butikk. Innbyggjartalet, som om vinteren ligg på rundt 60 personar, blir mangedobla om sommaren. Kyrkja, som er bygd i drakestil, er verd eit besøk. Det same er verdas minste stavkyrkje, bygd av ein mann i bygda. Området rundt stavkyrkja er dekorert med kreative trefigurar skore ut med motorsag. I Ortnevik finn du også verdas største landbaserte oppdrettsanlegg for kveite. Frå Ortnevik er det ferjesamband austover til Vik og til Måren og Nordeide på nordsida av fjorden.

Ortnevik grendalag har merka fleire turruter i bygda. Turkart og hefte med oversikt over rutene kan kjøpast på nærbutikken. Det går stiar til fleire stølar i fjellet. Den mest kjende og største fellesstølen i Stølsheimen er Solrenningane. Han ligg dryge 8 timars gange unna. Brydalen er ein fin støl som du kan nå på eit par timars gangeFrå Ortnevik kan du også følgje den gamle ferdselsvegen langs fjorden til Sylvarnes og vidare til Vollavik i Vik kommune. Han går innom alle dei veglause gardane langs fjorden.

Ortnevik.
Personer på tur.

Arnafjorden

Ein liten halvtimes køyretur frå Vik, i enden av fylkesveg 5600, ligg Arnafjorden. Arnafjorden er ein sidearm til Sognefjorden, omkransa av ruvande fjell. Dei mange fossane som kaster seg utover fjellsidene er eit imponerande syn, spesielt under snøsmeltinga om våren. Rundt enden av fjorden ligg tre små grender: Nese, Indrefjorden og Framfjorden. Det er fleire utleigehytter i Arnafjorden. I Framfjorden er det butikk og informasjonspunkt. På Nese finn du fleire historiske minnesmerke, t.d. Skredstova; ein bygning reist til minne om storskredet i 1811 som tok 45 menneskeliv. Kyrkja frå 1880 er listeført som verneverdig, og like nedanfor ligg eit velhalde og ærverdig ungdomshus frå 1919. Kaien har eit autentisk bygningsmiljø frå tidleg 1900-tal og er vel verdt eit besøk.

I tillegg til å vere ei jordbruksbygd har Arnafjorden lang industrihistorie. Førekomst av talkrik kleberstein og store vasskraftressursar la grunnlaget for etablering av gruvedrift og talkmølle i Framfjorden i 1907. Dette var ei av dei første store industrisatsingane i Sogn, og på det meste gav ho arbeid til rundt 100 personar. Mølla var i drift heilt til 2002. I dag er eit stort oppdrettsanlegg for laksesmolt på Tenne ei viktig industrisatsing.

Det ligg mange stølar i fjellsidene og fjella rundt Arnafjorden. Gamle buførevegar fører frå alle dei tre grendene og langt innover i Stølsheimen. Her kan du gå alt frå relativt enkle dagsturar til krevjande turar over fleire dagar.

Modalen

Modalen ligg inst i Osterfjorden, omtrent ein time med bil frå Bergen. Kommunesenteret Mo kan by på strandpromenade med butikk, post, kafe/restaurant og aktivitetshus. Her er sandstrand og tilrettelegging for båtturisme.

Modalen er Noregs nest minste kommune målt i innbyggartal. Gardane ligg på gamal, fruktbar hav- og elvebotn, mellom Mofjorden og Steinslandsvatnet. Ved Mostraumen finn du helleristningar frå bronsealderen. I nyare tid har store fjellområde og mykje nedbør blitt nytta til kraftproduksjon. Kommunen er også ein stor eksportør av sand.

Frå Modalen er Stølsdammen ein mykje brukt innfallsport til Stølsheimen. Frå Stølsdammen går det sti mot dei kjende stølsområda Solrenningane og Åsedalen. Stien går gjennom våt myr både til Solrenningane og til Åsedalen. Det er lagt steinar og klopper på store deler av stien til Solrenningane. Både på Solrenningane og i Åsedalen er det DNT-hytter der ein kan overnatte.

Fargerike hus ved fjorden.
Personer på tur i kajakk.

Eksingedalen

Eksingedalen er eit dalføre i Vaksdal kommune. Den vakre dalen strekker seg frå Eidsfjorden og nordaust til den øvste busetnaden på Gullbrå. Oppover dalen er det mange små bygder, og du finn både butikk og utleigehytter. Det er eit storslått landskap oppover dalen som vekslar mellom flate elvesletter med godt jordbruksland og tronge, bratte fjellsider med dramatiske fossefall. 

Lengst nord i Eksingedalen kjem du til fleire flotte startpunkt for turar i Stølsheimen. Frå Trefall kan du følge t-merka sti til Selhamar, og frå Gullbrå kan du gå til Torvedalshytta. Du kan også køyre anleggsvegen heilt inn til Askjelldalsvatnet. Derifrå er det kort veg til Selhamar og vidare inn i Stølsheimen.