1. Heim
  2. Aktivitetar og besøksmål
  3. Opplevingar i vinterfjellet

Opplevingar i vinterfjellet

Å traske over kvite vidder eller suse nedover ei fjellside i puddersnø kan vere fantastiske opplevingar, men det er viktig å hugse at fjellet og vintervêret kan vere lunefullt. Vil du oppleve fjell og toppturar, må du ha kunnskap om skredfare og ruteval.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Skal du på skitur i Stølsheimen er det også veldig viktig å ta omsyn til villrein. Heile dette området er del av Fjellheimen villreinområde. Reinen er ekstra sårbar på seinvinteren når det er lite mat å finne. Vis omsyn til villrein, og hald god avstand til dyra. Viss dei stadig blir skremt av folk på ski brukar dei masse energi på å flykte og får mindre tid til å beite. Stadige forstyrringar kan gjere at dei forlèt området og slik mistar viktige beiteareal. Dersom du høyrer om rein i området der du tenkjer å gå tur, bør du velje ei anna rute.

Trygg vinterferdsel

Her er nokre tips for å sørge for at du får ein trygg tur.

Skikjører i fjellet.

Sporlaus ferdsel

IKON_Avfallx3

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

IKON_Avfallx3

Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

IKON_Avfallx3

Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og let att grindene.

IKON_Avfallx3

Følg etablerte stiar, så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt.

IKON_Avfallx3

Dersom du får høyre om rein i området – vel ein annan tur.

IKON_Avfallx3

Stopp og trekk unna viss du ser villrein. Observer dei på god avstand