Fotturar

Med dei mange gamle stiane inn i området, er Stølsheimen eit godt utgangspunkt for lange fotturar. Dei vidgjetne og tradisjonsrike stølsområda Solrenningane, Ålrekstølen/Vøvringen, Åsedalen, Hallsetdalen og Rappen, i tillegg til Selhamar, utgjer kjernen i dette område. Dei er knytte saman av eit nettverk av merka turstiar. Turstiane står i samband med stiar sørover i Vossafjella, vestover til Matrefjella, nordover til Ortnevik og nord og austover til Arnafjorden og Finnafjorden.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Det er viktig å merke seg at fleire av dei populære stølsområda ligg langt inn på fjellet. Vel tur etter ferdigheiter og friluftserfaring i gruppa og ta med deg det utstyret som krevst for turvalet ditt. Hugs også at vêret kan endre seg raskt, og at det kan vere store skilnader i temperatur frå lune bygder ved fjorden til høgfjellet. Vestlandsnaturen er vakker, men terrenget er mange stader krevjande, og feil ruteval kan vere direkte livstrugande. Dårleg ver med skodde og regn kjem brått på, og det kan vere vanskeleg å orientere seg i terrenget.

Bergen og Hordaland turlag og Voss utferdslag gjer ein viktig jobb med å leggje til rette for friluftsliv i Stølsheimen. I tillegg til forslaga her kan du sjekke ut nettsidene deira for gode turtips.

Turgåere i Stølsheimen landskapsvernområde
Tursti.

Gullbrå til Torvedalen

Frå Gullbrå i Eksingedalen kan du følgje t-merka sti til stølen Torvedalen. Det er få parkeringsplassar der stien startar så finn parkering lenger ned i dalen. Turen går i kupert terreng. På vegen passerer du den gamle stølen Nedste Torvedalen. Her er det berre tufter att etter stølshusa. Stien går tett ved eine stølstufta. Det er framleis tydelege teikn i landskapet etter beiting og stølsdrift ved at landskapet er ope og det veks ulike grasartar på den gamle stølsbøen. Etter ei litt bratt kneik, kjem du opp til Torvedalsvatnet og den sjølvbetjente turisthytta i Torvedalen. Du bør rekne rundt 3 timar ein veg.

Les meir om turen på Ut.no

Langs strendene til Sylvarnes

Frå Ortnevik går det sti langs fjorden heile vegen til Sylvarnes og vidare til Vollevik. Det er godt merka sti heile vegen. På vegen passerer du fleire veglause gardar. Du bør rekne 4-6 timar på turen frå Ortnevik til Sylvarnes. Det går rutebåt som stoppar på Sylvarnes enkelte dagar. Du kan vere med rutebåten innover til Sylvarnes om morgonen frå Høyanger, Noreide, Måren eller Ortnevik og gå tilbake til Ortnevik. Vil du heller gå til Sylvarnes og ta båten tilbake må du hugse å tinge stopp på førehand. På Sylvarnes driftar Vik turlag skulehuset som DNT-hytte. Her er det mogleg å bestille overnatting. Turen går utanfor verneområdet,  men du kan ta fine turar inn i verneområdet på stølsstiane som går frå gardane til vårstølane og sommarstølane i fjellet.

Les meir om turen på Ut.no

Sylvarnes.
Personer på telttur.

Ortnevik til Brydalen

Frå skogsvegen i enden av Storedalen er det fin tursti til Brydalen, ein tradisjonsrik støl som høyrer til nokon av gardane i Ortnevik. Det eine stølshuset er i dag turisthytte der du kan bestille overnatting. Det er åtte overnattingsplassar på hytta. Turen er relativt lett sjølv om det er bratt terreng og passar fint som dagstur. Frå stølen er det flott utsikt ned att til Sognefjorden.

Les meir om turen på Ut.no

Solrenningane

Den flotte stølen Solrenningane kan du komme til frå fleire kantar. Det enklaste er å køyre til Stølsdammen og gå inn derifrå. Her er godt tilrettelagt sti med steinar og klopper gjennom myrområda. Det er også mogleg å gå til Solrenningane frå Ortnevik, men dette er ein mykje meir krevjande tur, delvis på umerka sti. Frå Stølsdammen kan du også komme deg til Solrenningane utan å gå. Har du med deg kajakk eller kano, kan du sette han på vatnet like ved parkeringa og padle Stølsvatnet, bære båten ca 250 meter opp ein liten foss og padle vidare på Solrenningsvatnet.

Personer padler.
Personer på tur til fjellhytte.

Bjergane til Selhamar

Frå Bjergane går det sti til Raudberg og vidare til Selhamar. Med overnatting på turisthytta på Selhamar, er dette ein fin to-dagars tur i lett fjellterreng. Det er gode sjansar for å få fisk i vatna like ved turisthytta. På turen til Selhamar kan du sjå det raude fjellet Raudberg. Fjellet har den raude fargen av bergarten serpentinstein som inneheld magnesium og jernoksid. Ved forvitring går jernoksidet over til rust, noko som gjev fjellet den raude fargen.

Rundtur Tenne – Vatnane – Nese

Med startpunkt i Arnafjorden kan du ta ein fin dagstur til fjellstølen Vatnane. Du kan ta ein rundtur med start frå Tenne eller Nese og leggje turen om vårstølane Rosete og Fossesete. På denne turen får du ei flott oppleving av kulturlandskapet i Stølsheimen. Alle desse stølsområda vert nytta til husdyrbeite. Ta omsyn til beitedyr på turen, og hald hunden i band.

Les meir om turen på Ut.no

Fossefall.

Sporlaus ferdsel

Ikon for avfall

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

Ikon for båndtvang

Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og let att grindene.

Ikon for å grave dohull

Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

Ikon for å følge stier

Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar eller å trakke opp nye spor.

Ikon for kikkert

Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

Ikon for varder

Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar, då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.

Ikon for telt

I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk tilviste teltplassar.

Ikon for bål

Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september bortsett frå på stadar som i vasskanten der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.