Finnafjorden

Stølsheimen landskapsvernområde grensar til Sognefjorden, verdas lengste fjord, men det er berre fjordarmen Finnafjorden som går inn i verneområdet. Den er ei urørd naturperle med berre to veglause grender. Er du heldig kan du sjå nise eller kobbe i fjorden.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Omtrent midtvegs inn fjorden er det eit smalt sund. Her finn du garden Finnen som er den einaste garden innanfor landskapsvernområdet som driv aktiv landbruksdrift. Her voks Synnøve Finden opp, ein av dei mest kjende osteprodusentane i Noreg.

Held du vidare fram innover til enden av fjordarmen kjem du til Finnabotnen. Omringa av bratte fjell finn du her eit gjestehus som det er mogleg å bestille for overnatting. På sikt ynskjer eigarane å drive det som hotell, men per i dag leiger dei ut heile huset med 18 sengeplassar. Det er fine turmoglegheiter frå Finnabotnen og innover til Botnastølen og vidare opp Fagerdalen og innover fjella i Stølsheimen.

Det går ikkje rutebåt som stoppar i Finnabotnen. Det er derimot mogeleg å bestille privat båtskyss, eller å padle i kajakk. Vik, Ortnevik og Arnafjorden er gode startpunkt for godt førebudde padleturar. Ver merksam på at det er sterke straumar inn og ut fjorden ved flo og fjære, og at det kan vere vêrhardt både på Sognefjorden og i møtepunktet mellom dei to fjordane. Studer derfor vêrvarselet nøye før du legg ut på turen i kajakk eller open båt.

Finnafjorden.