Fotturar
Med dei mange gamle stiane inn i området er Stølsheimen eit godt utgangspunkt for lange fotturar. Dei vidgjetne og tradisjonsrike stølsområda Solrenningane, Ålrekstølen/Vøvringen, Åsedalen, Hallsetdalen og Rappen, i tillegg til Selhamar, utgjer kjernen i dette området. Det er knytt saman av eit nettverk av merka turstiar. Turstiane står i samband med stiar sørover i Vossafjella, vestover til Matrefjella, nordover til Ortnevik og nord og austover til Arnafjorden og Finnafjorden.
Finnafjorden
Stølsheimen landskapsvernområde grensar til Sognefjorden, verdas lengste fjord, men det er berre fjordarmen Finnafjorden som går inn i verneområdet. Den er ei urørd naturperle med to veglause grender. Er du heldig kan du sjå nise eller kobbe i fjorden.
Opplevingar i vinterfjellet
Å traske over kvite vidder eller suse nedover ei fjellside i puddersnø kan vere fantastiske opplevingar, men det er viktig å hugse at fjellet og vintervêret kan vere lunefullt. Vil du oppleve fjell og toppturar, må du ha kunnskap om skredfare og ruteval.
Jakt og fiske
I verneområdet kan du kjøpe jaktkort på småviltjakt. Enkelte grunneigarar sel i tillegg jakt på storvilt som hjort, elg og villrein.
Jakt på småvilt kan kjøpast hjå iNatur.no
Det er mange gode fiskevatn i heile verneområdet. Mange av desse vatna ligg ved turisthytter, mellom anna Selhamar, Torvedalen og Solrenningane. Mange av vatna i området ber preg av tette fiskebestandar og dermed mykje, men liten fisk.
Vil du ta med deg fiskestong på tur, er det lurt å kjøpe fiskekort før du startar turen. Det er også mogleg å kjøpe fiskekort på nokon av turisthyttene.