a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart
a

Meny

Velkommen til Stølsheimen landskapsvernområde

Stølsheimen byr på korte og lange vandringar i vakker vestlandsnatur. Gamle stølar og stølsvegar fortel om historisk bruk av området.

Kontakt oss

Stølsheimen verneområdestyre
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E: sfvlpost@statsforvalteren.no

M

Meny

Foto: Sigvor D. Mala

Fotograf: Helene Ødven

Foto: Anbjørg Nornes

Seterstøl.

Om landskapsvernområdet

Stølsheimen landskapsvernområde strekkjer seg frå fjord til fjell på sørsida av Sognefjorden. Her er få moderne inngrep men mange spor etter tidlegare tiders bruk. Dette er Vestlandet med rikeleg nedbør som gir ein frodig natur, mange elvar og høge fossar.

arrow-r

Innfallsportar

Det er fleire startpunkt for turar og opplevingar i Stølsheimen landskapsvernområde. Her blir du kjend med nokon av bygdene som er gode innfallsportar til området.

arrow-r
Person på tur som ser utover fjord.
Fisker i solnedgang.

Aktivitetar og besøksmål

I Stølsheimen er det mange stølar å besøkje, fleire DNT-hytter å overnatte på og eit godt utvikla stinettverk. For erfarne fjellvandrarar ligg alt til rette for lange vandringar og hytte til hytte-turar.  Det finst også lettare turar for dei som ønskjer det.

arrow-r

Reise og overnatting

Stølsheimen landskapsvernområde er lett tilgjengeleg med bil frå Bergen, Voss og Vik. Med litt planlegging kan buss vere eit alternativ til bilen. Overnattingsalternativa spenner frå enkle DNT-hytter utan tilretteleggjing til fine hotell.

arrow-r
Personer går mot en fjellhytte.
Portal-Norges-nasjonalparker

Kvar ligg Stølsheimen landskapsvernområde?

Stølsheimen ligg i Vestland fylke på sørsida av Sognefjorden, ein par timars køyretur frå Bergen.

Togstasjon

Korleis kjem eg meg dit?

Det er enklast å komme seg til Stølsheimen landskapsvernområde med eigen bil.

Informasjon

Turistinformasjon

Portal-Norges-nasjonalparker

Verneområde i nærleiken

Nærøyfjorden landskapsvernområde, Hardangervidda nasjonalpark, Hallingskarvet nasjonalpark og Jostedalsbreen nasjonalpark

Allemannsretten – gleder og plikter

Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er eit gratis fellesgode som gir deg rett til å bruke utmarka, uavhengig av grunneigar. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Ein grunnregel gjeld for alle som nyttar seg av allemannsretten: Forlat naturen slik du gjerne vil finne han sjølv!

På beina og på ski kan du ferdast fritt i naturen, så lenge du viser omsyn og tek med deg alt avfall.

Ri og sykle kan du gjere på stiar og vegar.

Du kan plukke bær, sopp og vanlege blomar, men plukk ikkje truga og freda artar som t.d. orkidear.

Kulturminne som gamle murar, fangstanlegg og gravrøyser er freda. Ikkje flytt på steinane.

Jakt og fiske er lov dersom du har jakt- eller fiskekort. Stongfiske er gratis for barn under 16 år. Det er ikkje lov å bruke levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk eller vått fiskeutstyr frå eitt vassdrag til eit anna.

Motorisert ferdsel, med unntak av båt på fjorden, er forbode i verneområda med mindre du har særskilt løyve. Dette gjeld også elsykkel.

Vêret i fjellet kan skifte brått både sommar og vinter. Sommaren kan by på låge temperaturar og tjukk skodde. Vintersola kan fort skifte til tett snødrev. Sjekk gjerne DNT sine pakkelister for ulike fjellturar

Du er sjølv ansvarleg for å vurdere vêr og føre, form og ferdigheiter og å førebu deg med eigna klede og utstyr. Følg alltid fjellvettreglane. 

Sporlaus ferdsel

IKON_Avfallx3

Rydd opp etter deg og ta med alt avfall, inkludert eingongsgrill og våtserviettar.

IKON_Avfallx3

I utmark kan du telte så lenge du er minst 150 meter frå næraste hus eller hytte. Opne enger i låglandet er ofte innmark. Der kan du berre telte etter avtale med grunneigar. Bruk anbefalte teltplassar.

IKON_Avfallx3

Å tenne bål i skog og utmark er forbode frå 15. april til 15. september bortsett frå på stadar som i vasskanten der brannfaren er minimal. Bruk etablerte bålplassar og unngå å fyre opp rett på svaberg slik at berget sprekk. Sløkk bålet og rydd etter deg før du går.

IKON_Avfallx3

Vis omsyn til beitedyr og ville dyr. Hald hunden i band og lukk grindene. Villrein er ekstra sårbar på ettervinter og vår.

IKON_Avfallx3

Der det ikkje finst toalett, grav eit hol minst 30 m frå sti, bygg eller vasskjelde. Dopapir og våtserviettar er søppel som skal kastast i søppeldunken.

IKON_Avfallx3

Følg etablerte stiar – så slepp villrein og andre sky dyr å møte folk overalt. Unngå å kutte svingar eller å trakke opp nye spor.

IKON_Avfallx3

Uroa ikkje dyre- og fugleliv. Observer dyr og fuglar på avstand, bruk gjerne kikkert.

IKON_Avfallx3

Vardar er vegvisarar som hjelper deg å følgje ruta. Bygg ikkje nye vardar då dette kan føre folk på villspor. Fjern ikkje stein frå gamle vardar. Dei er kulturminne.